Velkomen til BLINK studio

Vippeløft, vippeextensions og brynsbehandlingar i Ørsta. Finn behandlinga som passar deg og bestill time direkte her.

BLINK studio-logoen prega i ein beige vegg med mjuke bladskuggar
Emma, eigar av BLINK studio

Om studioet

Hei, eg er Emma

Eg er 23 år, kjem frå Ørsta og er sertifisert vippeteknikar. Det er eg som står bak BLINK studio.

Eg veit sjølv kor deilig det er å vakne og føle seg klar for dagen utan å bruke mykje tid framfor spegelen. Det er noko av grunnen til at eg starta BLINK.

Hos meg skal du kunne senke skuldrene, slappe av og få litt tid til deg sjølv. Eg ønskjer at alle skal føle seg velkomne, og gå ut døra fornøgde med resultatet.

Ved sida av BLINK har eg fagbrev som industrimekanikar og går teknisk fagskule. Ein uvanleg kombinasjon kanskje, men eg trivst med å bruke både den praktiske og den kreative sida mi.

Praktisk

Finn fram til oss

Ledige tider

Ledige tider blir fortløpande lagt ut her og på instagram. Sjå kva som er ledig no.

Sjå ledige tider

Nye tider blir varsla på @blinkstudiobyes på Instagram (opnar i ny fane)

Kontakt

Avbestilling

Du kan avbestille via lenka i stadfestinga du får på e-post.

Avbestilling må skje seinast 24 timar før avtalt tid. Ved for seint avbestilt time eller ikkje oppmøte, må timen betalast i sin heilhet.